Stipendiat Maren Stahl Lerang har vore på utanlandsopphald ved Universitetet i Jyväskylä dette semesteret. – Det har vore interessant å få eit innblikk i det finske perspektivet på utdanningsforsking, seier ho.
Finland er kjent for å vere god på utdanning, og dei finske elevane gjer det generelt svært godt på PISA-testen. Universitetet i Jyväskylä er eit av fleire universitet som i stor grad satsar på lærarutdanning, og i 2019 hamna det på 39. plass på rankinga over lærarutdanningar med god kvalitet verda over. I haust reiste Maren Stahl Lerang på utanlandsopphald ved Department of Teacher Education ved Universitetet i Jyväskylä som ein del av sitt doktorgradsarbeid.
- Det har vore eit spanande semester. Eg tykkjer det er interessant å sjå korleis andre innan same utdanningsgrein arbeider, seier ho.
Les mer om Maren og de andre doktorgradsstipendiatene ved senteret
Godt samarbeid over tid
Universitetet i Jyväskylä er kjent for å vere heimen til den første finskspråklege lærarutdanningshøgskulen som vart grunnlagt i 1863, og byen Jyväskylä er ifølge Stahl Lerang sjølve kroneksempelet på ein skikkeleg universitetsby. Stipendiaten er på besøk hjå forskarteamet til Marja-Kristiina Lerkkanen og Tuomo Virtanen, som er tilknytt Læringsmiljøsenteret.
- Eg vart spesielt godt kjend med Tuomo då han hadde eit utanlandsopphald hjå oss på Læringsmiljøsenteret i 2017. Så eg vurderte allereie då Jyväskylä som eit mogleg mål dersom eg skulle på utanlandsopphald. I tillegg har det vore eit godt samarbeid mellom Læringsmiljøsenteret og Universitetet i Jyväskylä over fleire år, så det kjentest riktig å reise dit, seier ho.
Forskingsgruppa ho har besøkt, nyttar CLASS i si forsking i likskap med Læringsmiljøsenteret. Stipendiaten tykkjer det har vore interessant å sjå korleis dei nytter denne manualen i forskinga si.
Fått mykje ut av opphaldet
Sjølv om har trivest godt på utanlandsopphald ved det finske universitetet, har ho lagt merke til at det er nokre kulturskilnader.
- Finnane er generelt svært hardtarbeidande, og dei verkar til å vere på arbeid døgeret rundt. Stipendiatane er heller ikkje tilsette som får løn – dei må søke stipend for eitt år om gongen. Likevel klarar universitetet å rekruttere svært dyktige og dedikerte stipendiatar, seier ho og legg til at ho er takksam for det norske systemet for ph.d-ane.
Stipendiaten fortel at det har kome mykje ut av opphaldet. Blant anna har ho fått moglegheit til å prioritere doktorgradsarbeidet sitt, og ho er snart ferdig med å skrive sin første vitskaplege artikkel. I dette arbeidet har ho samarbeida med Tuomo, som har hjulpe henne med analysearbeidet. Artikkelen skal sendast inn til tidsskriftet Educational Psychology før jul.
- Med pliktarbeid, møteverksemd og andre ting som følgjer med i ein ph.d-stilling, så kan fort sjølve ph.d.-en i seg sjølv kome i andre rekke. Det var godt å gje arbeidet mitt fullt fokus, og eg tykkjer verkeleg at eg har fått framgang den siste tida. Det kjennes godt, seier ho.
- Saknar Stavanger
Stipendiaten trivst i den vesle byen der det er godt tilrettelagt for å vere ute i naturen, men ho innrømmer at det er mykje ho saknar med heimbyen Stavanger.
- Eg saknar spesielt den kulturelle biten. Finsk er som gresk for meg, så eg kan jo ikkje gå på teater eller debattar som er døme på ting eg likar å gjere heime, seier ho.
Men på den andre sida, så har det blitt meir tid til å prøve ut nye ting som den finske saunaen, ishockey og karaoke.
- Finnane er veldig glade i sauna og karaoke, så det har blitt mykje av det, seier ho og ler.
- I tillegg har eg fått med meg ein skikkelig finsk ishockey-kamp. Det var stas.
Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Privat
Les mer om klasseledelse
Dette kan styrke relasjonane mellom elevane
I klasserommet er det ingen motsetnad mellom fagleg og sosial læring, syner ny forsking.
Elever med konsentrasjonsvansker opplever mindre læringsstøtte
Ny forskning viser at elever som rapporterte om manglende konsentrasjon også opplevde liten grad av læringsstøtte fra læ...
– Får være med læreren «inn» i klasserommet
I forskningsprosjektet INTERACT får lærere veiledning av egne spesialtrente «coacher». – Jeg er heldig som får veilede...
CLASS-S dimensjonsguide
Norsk oversettelse av Dimensjonsguiden som er tilpasset Classroom Assessment Scoring System (CLASS)-secondary. Bestillin...
– Godt å vere i gong med INTERACT-prosjektet
INTERACT-prosjektet er i gong for alvor, og no er rekrutteringsprosessen av lærarar over. Til saman skal lærarar frå 12 ...
Avhandling: Instructional support in Norwegian classrooms
Maren Stahl Lerang har i sin avhandling funnet ut at kvaliteten på undervisningsstøtte varierer mellom klasserom. Bestil...
INTERACT – kvalitet i klasseromsinteraksjoner
Målet med INTERACT-prosjektet er å undersøke hvordan digital videobasert dialog kan støtte lærere i arbeidet med å styrk...
Bok: Problemløsningsmodeller
Boka "Problemløsningsmodeller" handler om kollektive atferdsvansker, dvs. der grupper eller klasser har utviklet en nega...
– Vil bruke observasjonsverktøyet CLASS for å heve kvaliteten i skolen
– Dette er et veldig godt verktøy som fokuserer på de sentrale områdene for hva som bør være på plass i et klasserom, si...
Gode erfaringer med å fjerne karakterer i orden og atferd
Skoler som har vært med i forsøket med å fjerne karakterer i orden og atferd opplever at relasjonene mellom lærere og el...
Slik kan lærere bli gode ledere for klassen
Lærerens lederskap er den viktigste faktoren for hvordan klassemiljøet blir.
Elever blir mer engasjerte av lærere som bryr seg
Gløden for skolen synker med alderen om ikke læreren gir følelsesmessig støtte til den enkelte elev, viser en ny studie ...
Læreren er viktig for hvilke mål elevene setter seg på skolen
Hvordan læreren ser på læring er viktig for elevenes målorientering på skolen. Det viser forskning gjort ved Læringsmilj...
Lærers klasseledelse er avgjørende for å forebygge skolefravær
Lærerens klasseledelse kan ha en indirekte betydning for å forebygge mobbing og sosial ekskludering blant jevnaldrende. ...
Lærarstøtta elevstyrt læring - autonomistøtte i klasserommet
Autonomi er eit av områda som er avgjerande for å forstå elevane sin motivasjon og engasjement i læringsaktivitetar. Aut...
Verdsetting av elevane si livsverd
Resultata frå CIESL-studien tyder på at lærarar generelt er dyktige til å skape positivt læringsklima og er sensitive fo...
En stresset (kunnskaps)nasjon
Gagner det alle elever at vi har en prestasjons- og konkurranseorientert skole? Hvordan går det for de elevene som opple...
Klasseledelse og den viktige relasjonen mellom lærer og elev
Læreres relasjonsbygging til elevene er et sentralt tema innen klasseledelse. Det blir belyst gjennom lærernes egen stem...