Årets Alumn ved Handelshøgskolen ved UiS er Eimund Nygaard

Alumniprisen «Årets Alumn» vert gjeve til tidlegare studentar frå Handelshøgskolen ved UiS som har utmerka seg i samfunns- og/eller næringsliv.

Publisert Sist oppdatert

«Årets alumn» er ei utmerking til ein tidlegare student som er ein motivator for nåverande og tidlegare studentar. Gjennom hardt arbeid har kandidaten utmerka seg i positiv forstand, både gjennom solid karriereutvikling og bidrag til samfunns- og næringsliv.

Tittelen «Årets Alumn» 2022 frå Handelshøgskolen ved UiS går til Eimund Nygaard. Nygaard er administrerande direktør i Lyse AS og konsernsjef for Lyse-konsernet. Nygaard er blant anna utdanna i økonomisk-administrative fag ved Rogaland Distrikthøyskole. Han fullførte sin grad som høgskulekandidat i økonomisk-administrative fag i 1985.

Hatt tett kontakt med UiS

Eimund Nygaard og Aslaug Mikkelsen
Årets alumn 2022, Eimund Nygaard, med prisutdelar Aslaug Mikkelsen

– Det er hyggeleg å bli kåra til årets alumn. Det er veldig lenge sidan eg vart uteksaminert, men det er flott at eg ikkje er gløymt, seier Nygaard.

Han har hatt tett kontakt med UiS i heile hans yrkesaktive tid.

– Det skyldast både at eg synest det er nyttig og hyggeleg, men meir fordi dette er ein viktig institusjon for heile regionen. Eg var konsernsjef i Lyse også då det blei gitt 100 millionar kroner frå kommunane gjennom Lyse for å få universitetsstatus. Eg har også vore del av styret til UiS, samt at Lyse har ein omfattande samarbeidsavtale med universitetet. Denne tette kontakten vil eg framleis ha så lenge eg er yrkesaktiv (og sikkert etter det også).

Ein verdig kandidat

Det er ein jury beståande av professor Aslaug Mikkelsen, professor Ragnar Tveterås og seniorrådgjevar Lene Hoff ved Handelshøgskolen ved UiS som kom fram til at Eimund Nygaard skulle blir kåra til Årets Alumn 2022.

I teksten til nomineringa blei blant anna følgande fremheva:

Nygaard er ein aktiv nærings- og samfunnsdebattant og representant som svært ofte har vore i media, spesielt i det siste året, også i nasjonale media. Som representant for energisektoren i og med den pågåande energikrisa i Europa og Noreg, og krigen i Ukraina, har Nygaard hatt evna til å formidle eit viktig bodskap på ein klar og tydeleg måte. Nygaard har også velvillig stilt opp på arrangement ved UiS som for eksempel Børs og Fakultet i regi av Handelshøgskolen ved UiS og Næringsforeningen. Nygaard er ein verdig kandidat til Årets Alumn 2022.

Tips til arbeidslivet

Eimund Nygaard holder tale foran studenter på The Garden
Eimund Nygaard mottok prisen under Handelshøgskolen ved UiS's alumnikveld/førjulsfest

Prisen vart delt ut av professor Aslaug Mikkelsen på førjulsfesten for tidlegare studentar frå Handelshøgskolen ved UiS 24. november. Nygaard mottok tale, blomar og ein plakett med prisen på. Under festen vart det konsert, middag og mingling blant tidlegare studentar og vitenskapelege tilsette.

Til studentar som skal ut i arbeidslivet har Nygaard eit ganske konkret tips:

– Det er viktig med ei god og relevant utdanning i botn, men deretter handlar det om tre ting: Haldningar, haldningar og haldningar.  

Om UiS Alumni

UiS Alumni er eit nettverk for tidlegare studentar ved UiS. Handelshøgskolen har ei eiga gruppe for kandidatar med grad innanfor økonomisk-administrative fag og rettsvitskap ved UiS.

«Alumn» er latinsk og blir oversett til «tidlegare student». Formålet med alumninettverket vårt er å vere ein møteplass for tidlegare studentar, fagmiljø, og tilsette knytta til Handelshøgskolen UiS.

Hederstittelen er blitt delt ut tre gongar sidan 50 års jubileet for økonomisk administrativ utdanning i Stavanger i 1999.

Tidlegare vinnarar er:

  • Sunniva Landmark Bjørnstad i 1999

Ønsker du å bli Alumni-medlem? Trykk her for å melde deg inn.

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

Ola Kvaløy utnevnt til utvalg om sirkulær økonomi

Regjeringen setter ned en ekspertgruppe for å se på virkemidler for å redusere ressursbruken og bidra til en mer sirkulæ...

Senter for innovasjonsforskning opprettes som forskningssenter i fem nye år

Det nåværende senterets funksjonstid utløp den 31. desember 2023. Søknaden om å etablere senteret på ny ble godkjent av ...

Roald Martinussen 70 år

Vi gratulerer vår kjære kollega, dosent Magnus Roald Martinussen med 70-årsdag søndag 28. januar.

Menn og yngre har høyest lederambisjoner blant sykepleiere

Ledere som støtter, lytter og verdsetter ansatte er svært viktig for sykepleieres ambisjoner om videre karrierevalg i he...

Nytt årsstudium i økonomi og ledelse

Lyst til å teste økonomistudier? Nå kan du ta et årsstudium i økonomi og ledelse ved Universitetet i Stavanger!

Doktorgrad om hvordan elevers tankesett påvirker læringsresultater

Elin Svensen disputerte for ph.d.-graden i sosiologi, sosialt arbeid, kultur og samfunn ved Det samfunnsvitenskapelige f...

Ser verden med nye briller etter fullført Executive MBA

– Jeg kommer til å få nytte av denne graden både i jobben min i politiet og i politikken sier Mushrifa Ali Mubarak. Hun ...

Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teo...

Nordens største økonomifestival – for sjuende gang

Tradisjonen tro inntar økonomer, samfunnsdebattanter, politikere og fagfolk en rekke scener og puber i Stavanger i slutt...

Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2025...

Øk barnetrygden og innfør løpende barnehageopptak for å forhindre at fattigdom går i arv

Ekspertgruppen om barn i fattige familier leverte tirsdag 17. oktober sine anbefalinger til barne- og familieminister Kj...

Møt Mona, ein av dei første masterstudentane i rettsvitskap i Stavanger

Denne hausten starta dei første studentane på det nye masterstudiet i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Om to ...

Lærer studentane å bruka KI

Det vil vera avgjerande å meistra KI-teknologi i framtida. Som student ved Handelshøgskolen ved UiS lærer du korleis du ...

Marte Solheim tildelt pris for framifrå bidrag til regionsforsking

Marte Solheim er tildelt Regional Studies Associations pris "Distinguished Service Award" for 2023. Prisen blir delt ut ...

Rune Dahl Fitjar blir ny leder for Senter for innovasjonsforskning

Fitjar er professor i innovasjonsstudier og kommer fra stillingen som prorektor for innovasjon og samfunn ved Universite...

UiS-forskere hevder seg på internasjonal ranking

Ron Boschma og Bjørn Terje Asheim, begge tilknyttet Senter for innovasjonsforskning ved UiS, er på Research.coms rangeri...

Nytt studieprogramråd for Master i økonomi og administrasjon opprettet

Rådet består eksterne interessenter fra samfunn- og næringsliv og akademia. Hensikten med rådet er å forbedre kvaliteten...

Ola Kvaløy fortsetter som dekan ved Handelshøgskolen

Dekan ved Handelshøgskolen ved UiS, Ola Kvaløy, får fornyet sitt åremål med fire nye år.

Gode søkertall til ny jusutdanning i Stavanger

Fra høsten 2023 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang full jusutdanning. Det har hatt effekt på søkingen til ...

Handelshøgskolen ved UiS øker forskningsproduksjonen og kvaliteten

Forskerne ved Handelshøgskolen ved UiS produserte mer forskning og publiserte flere artikler i topptidsskrifter i 2022 e...